Vi tek i bruk digital meldebok

Foldnes skule er i gang med å ta i bruk ei ny digital meldingsbok for kommunikasjon mellom skule og heim.  Vi startar med 1. og 6. trinn. Vi håpar på å vere klar for at resten av skulen kan ta den i bruk over påske. Løysinga heiter Transponder Meldingsbok og kan lastast ned som app i App Store og Google Play. Søk der etter «Transponder Meldingsbok». I tillegg kan tenesta nyttast frå nettlesar.

Transponder Meldingsbok ivaretek personvernet på ein sikker måte og erstattar:

  • Papirmeldebok
  • E-post om fråvær til lærar og avdelingsleiar
  • All annan skriftleg kommunikasjon om eleven mellom skulen og heimen

Transponder Meldingsbok kan òg nyttast til:

  • At føresette gjev korte meldingar til lærar(ar)/skule
  • At lærar/skule sender korte meldingar til føresette
  • At lærar/skule sender samla meldingar/skjema til alle føresette
  • Påmelding til aktivitetar og anna

Ved pålogging første gong via ID-porten sikrar me eit høgt nivå av tryggleik for både føresette og tilsette. Alle som loggar seg inn i sine eigne ungar sine meldingsbøker, ser kven som til ei kvar tid kan lese og skrive i bøkene. Logg deg rett inn i appen og aksepter push-varslar (då får du melding på e-post og SMS om skulen sender ut akuttvarsel) for å halda deg oppdatert i sanntid eller bruk Transponder i nettlesar frå https://www.transponder.no/meldingsbok/ .

Transponder Meldingsbok har gode hjelpesider, og du finn dei her:hjelp.transponder.no

Vi ber om at fråvær blir meldt innan klokka 8.00 om morgonen, slik at det er registret i våre system i god tid før undervisninga startar.

Comments are closed.