Foldneselevar er med på utprøving av læringsspel

Milla Says er eit selskap som jobbar med digitale plattformar for betre læring av norsk teiknspråk og teikn til tale for barn, unge og vaksne som av ulike årsakar har forsinka eller manglar verbal tale.

Milla Says har laga ein app som skal hjelpe nettverket rundt ein bruker med manglende tale til å bli betre til å forstå og bruke teikn (språk). I samarbeid med Ålesund og Fjell kommune, i eit felles forskings- og utviklingsprosjekt, jobbar Milla Says med videreutvikling av denne tjenesten for at det skal blir eit betre tilbod inn mot offentlege institusjonar.

I tillegg vert det jobba med å lage diverse lærings-spel for at brukara av teiknspråk, teikn til tale og dei rundt, skal bli flinkare til å lære seg teikn. Desse spela kan barnehagar og skular nytte i innlæring av teikn.

Milla Says har eit tett samarbeid med 4a ved Foldnes skule. Elevane er med og prøvar ut læringsspela, «stress-testar» design, brukeroppleving og læringselement.

Les meir om Milla Says her.

Comments are closed.