Vi er ein Matjungel-SFO

Vi deltek i Matjungelen som er eit kompetansehevingsprogram for tilsette og eit aktivitetsopplegg for barn på SFO. Matjungelen er eit tilbud som er initiert og utarbeida på vegne av Helsedirektoratet, som ledd i oppfølging av Nasjonal handlingsplan for betre kosthald.

Barna i SFO skal introduserast til ein jungel av mat og lære, både praktiske og teoretiske, om kva eit næringsrikt og bærekraftig kosthold krev.Tanken er at eit variert utval av aktivitetar som å lage ulike rettar, lage smoothie, sanseløype, butikkekspedisjonar og sorteringsstafett gir barna ei aktiv fritid med gode matopplevelsar i SFO.

Både små og store i SFO ser frem til å delta i Matjungelen.

Comments are closed.