Vi ber om at alle føresette ved levering og henting følgjer anbefalt køyremønster. I går og i dag har ikkje bussane kome seg inn på parkeringsplassen grunna at bilar står parkert i svingen. Om det er fullt på parkeringsplassen må ein parkere ved gravplassen. Sjå her for anbefalt køyremønster.
Barnevogner må parkerast utanfor bygga og skal ikkje køyrast inn i gangane. Ber om at vognene vert sett igjen utanfor om ein treng å følgje elevar inn i bygga.
Har du nokon som leverer eller henter for deg ber vi om at du gjev dei denne informasjonen.