Trygg i Fjell

Målsettinga for Trygg i Fjell er å førebygge og å redusere omfanget av mobbing generelt i Fjell Kommune – og å skikre at mobbing blir avdekka og handtert godt av alle som er i relasjon til barn og unge. I handlingsprogrammet for 2014-2017 er dette formulert som «Intensivera arbeidet mot mobbing» (pkt 67).

I Djupedalsrapporten (NOU 2015:2) legg ein til grunn at samfunnet både må ha ein nullvisjon og ein nulltoleranse for mobbing. Dette synet ligg også til grunn for Trygg i Fjell.

Slagord:
Å stoppe mobbing krev innsats frå alle i Fjell
Visjon:
Lokalmiljø og fagmiljø i Fjell kjenner kvarandre og samarbeider i arbeidet mot mobbing og for eit trygt miljø for barn og unge.
Mandat:
Sikre og vidareutvikle kvaliteten i mobbearbeidet i skulane.
Utvikle og implementere ein «Fjell-modell» i arbeidet mot mobbing.
Møte og støtte «systema» utanfor skulen med tryggleik på skulens eigen kompetanse.

Sjå Trygg i Fjell modellen her.

Trygg i Fjell på facebook.