Trafikkopplæring i høve vegarbeid

I dag var representantar frå Samferdsel i Fjell kommune og Sartor Maskin innom skulen og ga elevane på alle trinn ein gjennomgang på korleis dei skal te seg kring annleggsmaskiner. Dette med tanke på vegarbeidet som no er starta opp i Foldnesvegen.

I førekant av gjennomgangen har lærarane gått gjennom ein Power Point presentasjon som Sartor Maskin har laga. Presentasjonen tek føre seg litt om skilting, avsperring, øyekontakt, farer osv. Og syner typiske skilter knytt til arbeidsvarsling, og typiske gjerder/sperrebånd/sperrekjettinger som elevane kan møte på langs skulevegen.

Her kan du sjå presentasjonen: Trafikkopplæring i samband med vegarbeid

Comments are closed.