Sykkelopplæring 5. trinn

Sykkelkids har i dag gjennomført dag 3 av sykkelopplæringa og elevane har gjennomført sykkelprøva med ei teoriprøve, ferdigheitstest og trafikktest. Vi har også dei to siste åra hatt opplæringa i regi av sama arrabngør, då under fana Alle barn syklar. Arrangøren rosar elevane for god åtferd i trafikken då dei sykla rundt Straume i dag.

Sykkelkids er eit opplæringsprogram i regi av Norges Cykleforbund. Programmet blei startet som eit pilotprosjekt for grunnskuleelevar i Hordaland haust 2015. Gjennom dei tre siste åra har om lag 7000 barn i kommunane Bergen, Askøy, Fjell, Øygarden, Vaksdal, Bømlo, Meland, Austevoll, Karmøy, Samnanger, Fusa og Os gjennomført opplæringsprogrammet som går over 3 dager à 2.5 timar. Veldig mange barn har også lært seg å sykle gjennom programmet.

 

Comments are closed.