Stengjer skulane

Kommuneleiinga i Øygarden har i dag avgjort at alle barneskulane og barnehagane (kommunale og private) vert stengde frå og med måndag 16. mars. Stenginga gjeld i første omgang i 14 dagar (27. mars).

Ungdomsskulane i kommunen vert stengde for undervisning frå og med fredag 13. mars. Også kommunale idrettsanlegg vert stengde.

På heimesida til kommunen finn du meir informasjon

Comments are closed.