Sommerhelsing frå SFO

Kjære SFO-barn og føresette. Tusen takk for eit innhaldsrikt år!

Det har gått over all forventing å drifte SFO med dei fasilitetane vi har hatt tilgjengeleg dette året, og vi vil takke for innspel og tilbakemeldingar frå dykk undervegs. No på tampen av året er vi i full sving med å pakke ned det som er igjen av «gamle» SFO på grønt bygg. Vi skal opphalde oss på blått bygg i ferie-SFO, mens vi ventar på å få flytte inn i nye lokale i raudt bygg til hausten. Dette gler vi oss veldig til, og vi vaksne som jobbar i SFO ved Foldnes skule ser frem til å ta mot nye og tidligare SFOarar. Det er spanande aktivitetar i vente, som vi no får høve til å gjennomføre i dei renoverte lokala.

Til dei av dykk som har meldt barnet/barna dykkar på ferie-SFO fredag 21.06.10, veke 26, 31 og 32, minnar vi om at vi har ordinære åpningstider også desse dagane. Det vil bli sendt ut meir informasjon til dei som har meldt seg på.

Tusen takk for at vi får lov til å «låne» dykkar dyrebare skattar, vi er heldige!

Varme sommerhelsingar frå alle dei vaksne som arbeidar i SFO ved Foldnes skule.

Comments are closed.