Skulemiljøutval (SMU)

§ 11-1a. Skolemiljøutval ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skoleleiinga og kommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal.

Samarbeidsutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer somskolemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at deisamla får fleirtal.

Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skolemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande.

Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9a.


Oppretta frå og med hausten 2005 for å ivareta skulemiljøet til elevane (§9a i Opplæringslova). Dette er eit utval der FAU/Elevråd har fleirtal.

Sjå denne lenka for meir info omkring arbeidsoppgåvene til SMU (PDF). (Skrivet det vert vist til her, er ikkje del av forskrift, berre retningsgjevande.) I tillegg har Barneombodet rettleiing og korleis gå fram ved klage.


SMU ved Foldnes skule

SMU ved Foldnes skule er sett saman av dei same representantane som i SU.

Plan for skuleåret:

SMU har tre møte gjennom året. Ved behov kan det kallast inn til ekstra møte.
Haust: 01.11.2017 kl. 18.00 til 19.30.
Vinter: februar/mars.
Vår: mai/juni.