Rolf og Benjamin frå Radio Sotra var innom skulen saman med ordføraren og overrakte førstepremien til vinnarane av 12 rette. Sjette klassane har bestemt at premien på kr. 10 000,- skal gå til sjukehusklovnane på barnekreftavdelinga på Haukeland universitetssjukehus. Dei fire elevane som representerte klassane i konkurransa dreg saman med Rolf til Haukeland og overrekker premien. I tillegg fekk klassane ein gåvesjekk på kr. 1500,- samt pokal. Deligasjonen hadde med brus og bollar og medan dei åt fekk elevane høve til å stille ordføraren spørsmål om den nye kommunen. Ho var imponert over kor mykje dei hadde fått med seg av det som skjer i høve sanmanslåinga av dei tre kommunane.