Elevane sitt psykososiale miljø

Skolen sin visjon:
Foldnes skule fremjar kunnskap, meistrane og begeistring i et trygt og trivelegt læringsmiljø.

§9a i Opplæringslova er arbeidsmiljøparagrafen til elevane. Paragrafen slår fast kva rettar elevane har, samt dei pliktene skulen har, i høve til å leggja til rette for eit godt læringsmiljø for elevane. Denne paragrafen rommar meir enn krenkande åtferd som mobbing og utestenging o.l. Paragrafen omhandlar alt som har med eleven sin trivsel på skulen å gjere, altså eleven sitt psykososiale miljø.

På framsida av heimesida finn du logoen til nettstaden NULLMOBBING.NO. Trykk på logoen for å lese meir om korleis ein går fram for å melde frå om elevar ikkje har eit godt nok psykososialt miljø på skulen.

Handlingsplana vår (sjå lenkje lenger nedst på sida) skal vise korleis vi arbeider for å verkeleggjere forpliktinga i opplæringslova og innhaldet i visjonen vår i høve krenkande åtferd som mobbing og utestenging o.l. er eit alvorleg overgrep mot eit menneske, som i dei verste tilfella kan øydelegge liv.

På Foldnes skule tolererer vi ikkje krenkande åtferd som mobbing, utestenging o.l. Elevane skal trivast! Skal vi nå målet om at alle skal ha det trygt og trivast, er vi avhengig av at både tilsette, elevar og føresette arbeider saman. Det handlar om haldningar og om at vi vaksne er gode rollemodellar når det gjelder inkludering, språkbruk og korleis vi reagerer på negativ åtferd. Det handlar og om at leiartypane i elevgruppa tør å stå opp for dei som blir plaga eller blir utestengd.

Slagordet «Å stoppe mobbing krev innsats frå alle i Fjell» tydeleggjer kva Trygg i Fjell jobbar for. Deira visjon er at lokalmiljø og fagmiljø i Fjell skal kjenne kvarandre, og samarbeide i arbeidet mot mobbing. Målsettinga er å førebygge og redusere omfanget av mobbing generelt i Fjell kommune, samt sikre at mobbing blir avdekka og handtert godt av alle som er i relasjon til barn og unge. Ein modell for kva dei ulike partane i barna sitt liv kan gjere for å førebyggje, avdekke, handtere mobbing er laga, sjå http: //www.tryggifjell.no/

Saman kan vi gjere ein forskjell i barns liv om vi berre vågar å sjå og handle!

Elevane sin trivsel, Opplæringslova §9A og Elevundersøkinga (som vert gjennomført på 5. tom 7. trinn i november) er tema i SMU.

Foldnes 29.08.2019

Ragnhild Knudsen Magerøy
rektor

Handlingsplan mot mobbing rev nov 2018 (PDF)