TSK

Tydeleg, støttande og førebudd klasseledelse (TSK)

”Sjå når dei lukkast”

Å vere tydeleg, ha førebudde og klåre grense er grunnpilarar i TSK. Elevane får merksemd når dei visar positiv åtferd. Det vert gitt tydelege reglar for ønska åtferd og konsekvensar om eleven vel å ikkje følgje reglane.

Klasseleiing er:
God struktur.
Tydelege forventningar med oppfølging.
Aktivere og engasjere elevane.
Strategiar for å fremme ønska åtferd.
Strategiar for å redusere problemåtferd.

Når lærer eleven best?
God relasjon mellom lærar og elev.
Gode relasjoner til jamnaldra.
Formidling av hyppige positive forventningar og tilbakemeldinger.
Klasseleiar styrer klassen på ein tydeleg måte.
Problemåtferd vert handtert.
Støttande føresette.
Aktive og engasjerte elevar.
Repetisjon før variasjon.

Kva vil vi oppnå med TSK?
Fremje sjølvkjensle / redusere stress hos elevar.
Gi elevar meir kontroll over eigen åtferd og innlæring ved å gjere gode val.
Auke grad av positiv forsterking.
Styrke forhaldet mellom elev og lærar.

TSK reglar ved vår skule:
Følg beskjedar med ein gong.
Lytt til den som har fått ordet.
Hald hender, føter og uvennlege ord for deg sjølv.
Ta vare på bøker, utstyr og klasserom.

God støtte gir gode relasjonar:
Når eleven følgjer reglane, får ho/han positive tilbakemeldingar og det blir triveleg å vere i klassen.

Konsekvensar når eleven vel å ikkje følgje reglane (opptrapping):
Påminning: Den vaksne seier namnet på eleven, minner om reglane og fokuserer på oppgåva som skal gjerast.
Flytte frå plassen sin: Eleven sitter aleine på ein bestemt plass i klasserommet (i 5 min for 1. – 4. kl og i 10 min for 5. – 7. kl).
Melding til føresette: Eleven, saman med lærar, fyller ut skjema som skal heim til underskrift.
Ringe heim: Eleven, saman med lærer, ringer heim og fortel om det valet eleven har tatt.
Ut av klassen: Eleven blir sendt til rektor/inspektør for alvorleg samtale.

TSK