Trivsels leiar (TL)

Eit program for auke av aktivitet og trivsel i friminutta.

trivselslederprogrammet

Trivselsleiarane skal:
• Leggje til rette for aktivitetar i friminutta.
• Vie særskilt merksemd mot dei yngste, samt elevar som går åleine. Dei skal òg melde frå om tilfelle av vantrivsel (keisemd, utestenging, mobbing osb.)
• Få opplæring på eit heildagskurs i leik.
• Få rettleiing og støtte undervegs av prosjektleiarane på skulen.

Trivselsleiarprogrammet er eit program for auka aktivitet og meir tryggleik i friminutta, der 4.-7.-klassingane nominerer andre elevar som trivselsleiarar. Hovudmålet med programmet er å tilby alle elevane på skulen fleire og meir varierte aktivitetar i friminutta, slik at både yngre og eldre elevar finn noko spennande å gjere.

tl vestSkuleåret er delt inn i to nominasjonsperiodar. På slutten av kvar periode blir det arrangert ein ”Takk for innsatsen”-dag for alle trivselsleiarane.

Trivselsleiarane ved vår skule arbeidar i første friminutt dei fire første dagane i veka. Annakvar fredag har dei møte med dei to lærarane som er TL-ansvarlege.

Det er ingen elevar som har rett til å bli trivselsleiar, dette er eit oppdrag elevane får ut ifrå personlege eigenskapar. Trivselsleiarane har eit særskild ansvar for å ta kontakt med elevar som går åleine. Dei har òg eit særskilt ansvar for å skape tryggleik for dei yngste elevane. Under nominasjon av trivselsleiarar blir elevane på skulen difor bede om å leggje hovudvekta på at kandidatane er venlege og respektfulle mot alle andre elevar. Elevar som skal vere trivselsleiarar må ha vore mobbefri i minst 6 månadar.

tl logoLes meir om TL-programmet.