Ordensreglar

Alle skular skal ha eit ordensreglement jamfør Opplæringslova § 2.9.

Føremål: Alle elevar og tilsette har rett til å vere i eit trygt miljø der dei kan arbeide, lære, trivast og oppleve gleda av å lukkast.

Ordansreglane vert gjort kjend for elevane og gjennomgått av kontaktlærar ved oppstart av nytt skuleår.

Vi gjer merksam på at omgrepet «skuletida» i ordensreglementet vert definert som den tida eleven oppheld seg på skulen sitt område, altså både før undervisninga/SFO starter og til eleven har forlete skulen sitt område etter undervisning/SFO.

Ordensreglar Foldnes skule