Kontaktlærarar skuleåret 2018/2019

1a Lillian Tvedt Mauland, tolærar Kristina Hesjedal Hovdenak
1b Christina Hemnes, tolærar John Morten Øvrebø
2a Tomas Slinde
2b Kari-May Turøy
3a Åsta Kalgraff Kaspersen
3b Åshild Thingnes
4a Ane Katrine Anglevik Seim
4b Inge Fagerli
5a Solveig Dybsland
5b Hans Brevik/Linda Sæterlid
6a Hege Mongstad
6b Espen Hanuren
7a Kornelia Takvam
7b Anette Indrebø

Til informasjon

Vi oppdaga i går ettermiddag ein skade på ei veggplate i gymsalen. Dette førte til at Raudt bygg blei stengd i påvente av avklaring på om det var asbest i den skada veggplata. Ved skulestart i dag var ikkje dette avklart og elevane på 6. og 7. trinn fekk difor ein alternativ start på dagen i SFO sine basar i Grønt bygg.

Det er no avklart at det ikkje var asbest i den skada veggplata og vi er tilbake i Raudt bygg. Elevane har takla endringa i dag på ein god måte.

Ragnhild Knudsen Magerøy, rektor

 

Sommar-SFO juni

Grunna riving av raudt bygg vert sommar-SFO i juni flytta til Brattholmen skule. Det vil vere personale frå SFO ved Foldnes skule på jobb ved SFO på Brattholmen skule desse dagane.

Foreldreundersøkinga

FAU og skule samarbeider om å få gjennomført Foreldreundersøkinga. Tysdag og onsdag vil alle foreldre motta passord som skal nyttast for å logge på undersøkinga. Det er eit passord på kvar elev. Undersøkinga er open i to veker. Tal-/bokstavkombinasjonen som verdt sendt ut frå kontaktlærar er ditt brukarnamn. Du finn lenkje for pålogging her.

Gjennom undersøkinga kan foreldre gje FAU og skule tilbakemelding som er nyttig i vidare arbeidet rundt læring og trivsel. Vi oppmodar til at alle nyttar høve til å svare på undersøkinga.

Les meir…

Gratulerer til 6. trinn!

Laurdag representerte tre sjetteklassingar trinnet sitt i Radio Sotra sin finale i 12 rette. Elevane gjorde ein god jobb og fekk bruke kunnskapen dei har og kom på 1. plass. På 2. plass kom Skogsvåg, medan Brattholmen tok 3. plassen.
Godt jobba av alle tre laga.