Vedrørande sjuke barn og smittefare

Minner om at barn som har hatt oppkast/diare må vere heime til det har gått 48 timar frå siste symptom før barnet kjem attende til skulen.

Ved feber og influensasjukdom er det naudsynt med ein feberfri dag heime før eleven kjem attende til skulen.

Skuleskyss 2019-2020

Søknadskjema om skuleskyss er no klar for skuleåret 2019-2020.

Les info om rett til skuleskyss for du søkjer. Rett til skuleskyss er et enkeltvedtak, og blir innvilga etter søknad. Den gjeld for eitt år om gongen. Du må derfor søkje kvart år.
Info om rett til skuleskyss

Søknad om mørkeskyss TIL skulen

Søknad om skuleskyss på særleg FARLEG skuleveg 

Dersom avstand mellom skule og heim overstig 2 km for elevar i 1. klasse, og 4 km for elevar i 2-7. klasse, kan du søkje her:
Søknad om skuleskyss grunna avstand – ordinær skyss 2019-2020

Søknadsfrist: 11. februar 2019

 

Vi er ein Matjungel-SFO

Vi deltek i Matjungelen som er eit kompetansehevingsprogram for tilsette og eit aktivitetsopplegg for barn på SFO. Matjungelen er eit tilbud som er initiert og utarbeida på vegne av Helsedirektoratet, som ledd i oppfølging av Nasjonal handlingsplan for betre kosthald.

Barna i SFO skal introduserast til ein jungel av mat og lære, både praktiske og teoretiske, om kva eit næringsrikt og bærekraftig kosthold krev.Tanken er at eit variert utval av aktivitetar som å lage ulike rettar, lage smoothie, sanseløype, butikkekspedisjonar og sorteringsstafett gir barna ei aktiv fritid med gode matopplevelsar i SFO.

Både små og store i SFO ser frem til å delta i Matjungelen.

Samling med Trygg i Fjell

FAU og leiing ved Foldnes skule inviterer til samling for føresette og tilsette
tysdag 22. januar kl. 18.00 i Kultursalen, Fjell Rådhus.

Tema for samlinga er Saman på nett.

Vi forventar at alle elever er representert med ein føresett på denne samlinga. Dette er eit viktig tema som vedkjem oss alle, og som vi erfarer påverkar elevane sitt psykososiale miljø.

Vel møtt!

Siste skuledag før juleferien er fredag 21.desember. Skulen er ferdig kl. 11.30.
SFO er som vanleg open til 16.30.
Vi ber om at alle tek heim alt som heng i garderobene siste skuledag før jul.
Første skuledag etter nyttår er torsdag 3.januar 2019.

God jul og godt nytt år frå oss alle ved Foldnes skule.

Rehabilitering

Ved skulestart i januar startar rehabiliteringa ved skulen. I denne perioden vil det bli sett opp sikring kring bygg der arbeid pågår, noko som medfører at elevane ikkje har tilgang til denne delene av uteområdet. Med mindre elevtal enn ved normal drift har vi likevel nok uteområde.

Rehabiliteringa skal etter plana vere ferdig til skulestart haust 2019.