Bruk buss og båt under Sykkel-VM!

Under Sykkel-VM kan du nytta deg av ekstra buss- og båtruter i regi av Fjell kommune.

Laurdag 23. september og sundag 24. september går det ekstrabussar til og frå arrangementssonene på Ågotnes, Kolltveit og Straume. Videre frå Straume til Bergen sentrum går det eigne bussar. På sundag den 24. september går det båtrute mellom Ågotnes og Bergen sentrum.

Billettpris er kr. 30,- pr. reis. Billettar kjøpast elektronisk på førehand. Kjøp billettar her.

Skuleelevar, barn i barnehagane og foreldre har førsterett til å tinga billettar fram til torsdag 14. september klokka 16.00.

Her finn du ekstra bussruter, båtruter og infoblad om Sykkel-VM:

Foreldremøte haust 2017

  • 1. tom 4. trinn tysdag 5. september
  • 5. tom 7. trinn onsdag 6. september

Oppstarter kl. 18.00 med 30 minutt fellesinformasjon i gymsalen med påfølgande møte klassevis. Har du barn både på små – og mellomtrinn møter du på fellesmøte i gymsalen ein av kveldane. Vi forventar at alle elevar er representert på foreldremøte.

 

Velkomen til nytt skuleår!

Første skuledag er onsdag 16. august.

2. til og med 7. klasse møter ved inngangane ved klasseromma kl. 08.35.
1. klasse møter i gymsalen kl. 09.00.

Det blir SFO-foreldremøte for føresette til førsteklassingar kl. 09.30 i raudt bygg.

Det er ordinær skuledag onsdag 16. august, oversikt over sluttider finn du her.
Førsteklassingar med SFO-plass startar i SFO først etter undervisning. 

Du finn informasjon om lekseordning for elevar på mellomtrinnet her.

Skuleskyss – farleg skuleveg

Dei som har fått innvilga skuleskyss grunna farleg skuleveg skal reise med buss frå Turbuss Vest. Første skuledag kan elevar reise uten skulereisekort, kortet blir utlevert i løpet av dagen. Dette gjelder for småtrinnet 1.-4.klasse

5.- 7. klasse får morgenkjøring etter høstferien.

Avgang fra VÅGE SNUPLASS blir kl 08:05.

Les meir…