Minner om foreldremøte!

Foreldremøte med fellesinformasjon ved leiinga i gymsalen, med påfølgjande foreldremøte med kontaktlærar i klasseromma:

  • 1. tom 4. klasse tysdag 01.09.15 kl. 18.00
  • 5. tom 7. klasse onsdag 02.09.15 kl. 18.00

Det er forventa at alle elevane er representert med ein føresett på møtet.

Mobbekampanje veke 36

I veke 36 startar kampanja mot mobbing i regi av Manifestet mot mobbing. Vi markerer dette i våre klassar.

Kampanje skal gje alle vaksne i dei ulike miljøa som barn ferdast, konkrete tips til korleis ein kan gjere ein forskjell for å skape venskap og førebygge mobbing.

Banner_nynorsk_500x500

Ler meir her.

Lusekampanje

Reiseverksemd og nye omgangsvener i sommerferien aukar risikoen for lusesmitte. Difor oppfordrar Folkehelseinstituttet til kampanje i veke 35. For å sikre ein lusefri haust, kan det vere nyttig å sjå innom Folkehelseinstituttet sine sider. 

Leksehjelp.

  • For 3. og 4.trinn.
  • Startar i veke 36, altså 31. august.
  • Elevar som ønskjer å vere med på leksehjelpordning, må gjere dette med skriftleg melding til skulen. Bruk påmeldingsslipp på skjema (sjå lenke).
  • For meir info og påmeldingsslipp Leksehjelp_2015-16

Foreldremøte og klassekontaktkurs.

Foreldremøte med fellesinformasjon ved leiinga i gymsalen, med påfølgjande foreldremøte med kontaktlærar i klasseromma:

  • 1. tom 4. klasse tysdag 01.09.15 kl. 18.00
  • 5. tom 7. klasse onsdag 02.09.15 kl. 18.00

Det er forventa at alle elevane er representert med ein føresett på møtet.

Kurs for klassekontaktar på rom nr. 14 (raudt bygg) tysdag 8. september 2015 kl. 18.00.

Er du spent på skulestart?

Foreldra er ofte like spente som barna før den første skuledagen. Som forelder er du viktigare enn du ofte trur i barna sin skolekvardag. At foreldre engasjerer seg i det som skjer på skulen betyr ein forskjell for barnet sin trivsel og læring.

Sjå innom FUG si nettside. Der finn du nyttige tips og verktøy i høve skulestart.

VELKOMNE TIL NYTT SKULEÅR!

Teikning av skule