– Vi ser fram til å vera saman på Brattholmen skule

Skuleåret 2018/2019 skal fire klassar (80 elevar) på 6. og 7. årstrinn på Foldnes få undervisninga på Brattholmen skule. Dette er ein konsekvens av budsjettvedtaket i kommunestyret i desember om å sanera asbest på Foldnes skule.

Rektor på Brattholmen skule, Anja Solli (til venstre) og Foldnes-rektor, Raghild K. Magerøy, gler seg over godt samarbeid om mellombels undervisningsopplegg for to av klassane neste skuleår.

Les meir…

Besøksdagar på Brattholmen skule

5. og 6. trinn er invitert til besøk på Brattholmen skule. Dette som ledd i førebuinga til at dei skal ha klasserom der til hausten, i samband med renoveringa av Raudt bygg ved Foldnes skule. Parallellklassane på Brattholmen har førebudd eit opplegg som inneber aktivitetar og omvising eit par skuletimar.

Nærmare informasjon om dag og tid for den einskilde klasse kjem på It`s Learning over helga.

Digitale klassar haust 2018

Vi fortset digitalisering av klassar. Til hausten vert 1., 4. og 5. trinn digitalisert.
1. trinn skal nytte IPads i begynnaropplæringa, på 4. trinn Surface/Cromebooks, samt Cromebooks på 5. trinn. Digitaliseringa vert gjort gradvis saman med elevane. Føresette vil få informasjon og innføring i metodikk på foreldremøte til hausten.

Vi ser på alle måtar fram til ein spanande og lærerik haust.

Premie til vinnarane av 12 rette

Rolf og Benjamin frå Radio Sotra var innom skulen saman med ordføraren og overrakte førstepremien til vinnarane av 12 rette. Sjette klassane har bestemt at premien på kr. 10 000,- skal gå til sjukehusklovnane på barnekreftavdelinga på Haukeland universitetssjukehus. Dei fire elevane som representerte klassane i konkurransa dreg saman med Rolf til Haukeland og overrekker premien. I tillegg fekk klassane ein gåvesjekk på kr. 1500,- samt pokal. Deligasjonen hadde med brus og bollar og medan dei åt fekk elevane høve til å stille ordføraren spørsmål om den nye kommunen. Ho var imponert over kor mykje dei hadde fått med seg av det som skjer i høve sanmanslåinga av dei tre kommunane.


Sykkelreperasjon

Bace Camp RePro stilte med sykkelreperatørar på Godhetsfestivalen tysdag, og mange elevar fekk reparert syklane sine. Eit kjempeflott tiltak som vi setter svært stor pris på. Takk til RePro!


Uteaktivitet

To tysdagar i mai har vore brukt til aktivitetsdagar, først for småtrinnet, deretter for mellomtrinnet. Heile skuleområdet var i bruk til ulike aktivitetar. Elevar og vaksne hadde fine opplevingar i lag i solskinnet.

Med strålande sol og varme klasserom er det naudsynt med uteaktiviterar innimellom undervisning dei komande dagane også.

 

Viktig informasjon om Sommarferie-SFO.

Det er mogeleg å søke Sommarferie-SFO ved Foldnes skule veke 26, 31 og 32. På grunn av rehabilitering av raudt bygg må sjølve gjennomføringa denne sommaren gå føre seg på Brattholmen skule, der vi får eigne lokale til å drifte vår SFO i. Vårt SFO-personale er på jobb der desse vekene.

For nye førsteklassingar som startar her til hausten gir dette høve til å bli kjent med dei vaksne som jobbar i SFO, samt bli kjent med medelevar, før skulestart. Nye førsteklassingar kan søke Sommarferie-SFO i veke 31 og 32.

Søknadsfrist er 3. juni. Lenkja til søknad ligg under fana SFO, samt på Fjell kommune si heimeside.

SFO-leiar Ann Elin Street kan kontaktast på telefon 55096954 om noko er uklart.

Foreldreundersøkelsen

Tusen takk til alle foreldre som har svart på Foreldreundersøkelsen. Svarprosenten er på 72%. Vi feira resultatet med isfest i alle klassar.

Det er framleis mogeleg å svare på undersøkinga då den er open fram til
21. juni.

Helsing FAU og rektor.