Saman mot mobbing – kveldsarrangement for foreldre ons 15. februar

Trygg i Fjell arrangerer kveldsarrangement for foreldre onsdag 15. februar kl 18.00 – 20.00 i Sotra Arena

Del 1.   Oppfølging av BRUK HUE- foredraget som elevane har hatt tidlegare same dag. Internett og andre sosiale medium er utfordrande arenaer både for barn og vaksne og vi treng å vera oppdatert på kva som skjer.

Del 2.  Panelsamtale etter modell av Debatten på NRK1. Marco Elsafadi vil  leie panelsamtalen.

    • Del 1. Erik Hanøy og Aleksander Solaat Rødland vil dele sine erfaringar med mobbing
    • Del 2. TRYGG I FJELL – arbeid med mobbing i Fjell kommune, erfaringar frå idrett, barnehage og skule.
  • Del 3. Ekspertpanel: Mobbeombod i Hordaland Mari-Kristine Morberg, leiar i Olweusgruppa i Bergen Andrè Baraldsnes, leiar i Kors på halsen Nelly Kongshaug, frå Barnevakten Kjellaug Tonheim Tønnesen og vår eigen Guttorm Helgøy.

Parkering Vi oppmodar alle om å vere tidleg ute, og oppmodar til kompiskjøring og parkering i kystbygarasjen (det tar 5 minutt å gå til Sotra arena).

Foreldre på 6. og 7. trinn er spesielt inviterte. Det henger sammen med opplegg som elevene får på dagtid.

Arrangementet er gratis, og det er inga påmelding.

Smarte klokker

Til jul var det mange som fekk seg nye klokker. Smarte klokker. Desse klokkene kan ein ringe med, ta bilete med, sende sms med og filme med. Vi på Foldnes skule ser på desse klokkene på same måte som mobiltelefonar. Desse klokkene er altså ikkje lov å nytte på skulen. Dei må ligge avslått i skulesekken, slik som mobiltelefonen.

Sjå ordensreglane.

Julefestar

pepperkaker

Velkommen til ein halvtimes konsert i gymsalen kl. 18.00 med påfølgande avslutning i klasserommet:

12. desember: 1a, 4a og 7a
13. desember: 1b, 4b og 7b
14. desember: 2a, 3a, 3b og 6a
15. desember: 2b, 5a, 5b og 6b

Kvar elev kan ta med seg to personar.