Oppdateringar

Revidert utgåve av handlingsplana mot mobbing er lagt ut.

Gjeldande skulerute for Foldnes skule, 2016-2017, er lagt ut.

Kurs i Kul Mat – elevar i 5.-7. klasse

Fjell kulturskule inviterer til ny runde med KULMAT 1-kurs. KULMAT 1 er eit matkurs for 5.–7. klasse, og det er berre 12 plassar ledig på kurset denne våren. Med så få plassar er det viktig at du melder seg på snarast til KULMAT via elektronisk søknadsskjema.I løpet av 6 kurskveldar skal vi lage både lokal og internasjonal mat, lære grunnleggande arbeidsrutinar og ikkje minst oppleve ekte matglede.

Klikk på link for fleire opplysningar:KUL MAT

 

Julegudstjeneste i Foldnes kyrkje 17. desember

Det nærmar seg jul og tradisjonen tru er Foldnes skule invitert til julegudstjeneste i Foldnes kyrkje. For dei som ikkje ynskjer å delta på julegudstenesta blir det alternativ undervisning på skulen. Skulen vil lage til eit likeverdig tilbod til dei elevane som er fritatt.

Føresette må melde frå om barnet skal delta på julegudsteneste eller ha alternativt undervisning på skulen. Fyll ut under og returner kontaktlærar inna fredag 04. desember.

Julegudstjeneste 2015

 

Desember- Sfo

Desember er ein av dei finaste månadene me har på SFO. God stemning og mykje kos. Me gler oss til juleaktiveter ilag med alle dei kjekke borna. Blir det mykje snø blir det sjølsagt mykje uteleik i snøen. Her kjem ei lita oversikt øve kva som skjer denne månaden.

månedsplan desember 2015