Skrivestien

Lærarane ved Foldnes skule har gjennomført eit skulebasert kompetansehevingsprogram i skriving som grunnleggjande ferdigheit, Skrivestien. Det overordna målet med kompetansehevinga er å gje best mogleg skriveopplæring til den enkelte elev.
Skrivestien

 

Gjenglemte klær/sko m.m.

På raudt bygg utanfor helsesøster sitt kontor kan dere sjå gjennom gjenglemte klær, sko m.m. Klær som ikkje vert henta, blir sendt til Fretex mandag 18. april.
glemmekasse-250x250

Temakveld med Trygg i Fjell

FAU og leiinga ved Foldnes skule inviterte føresette til temakveld om krenkelsar og mobbing torsdag 10. mars. 160 var påmeldt.

Guttorm foran lerret

Guttorm Helgøy frå Trygg i Fjell engasjerte og berørte gjennom sitt føredrag om dette viktige temaet. Han var tydeleg på at vaksne som involverer seg er førebyggjande for mobbing. Les meir…

Gjennomfører tiltak etter arbeid i lokale med asbesthaldige plater

Eigedomssjefen har teke asbestprøvar på Foldnes skule etter at det onsdag den 2. mars vart skifta ut dispenserar for tørkepapir.

Arbeidet vart utført i toalett og klasserom i den eldste delen av skulen (det raude bygget). I denne delen av skulen er eternittplater ein del av bygningsmassen. Ved ein kommunikasjonssvikt vart ikkje skuleleiinga og vaktmeisteren orientert om arbeidet med utskifting av dispenserar i sist veke.

Då vaktmeisteren og skuleleiinga på torsdag den 3. mars vart merksam på at dette arbeidet var utført,  følgde Eigedomssjefen rutinane ved slike hendingar. Det vart kalla inn fagfolk, i dette tilfellet firmaet Polygon. Det vart vidare innhenta informasjon om kva rom arbeidet var gjennomført i og kva måte det var gjort på. Det viste seg at vedkomande som utførte arbeidet, var kjent med at det var eternittplater i lokala. Det vart difor ikkje bora nye hol i platene ved utskifting av dispenserane.

Eigedomssjefen vurderte hendinga av ein kategori som ikkje kravde stenging av skulen. Polygon vart beden om å vurdera risikoen ved hendinga. Selskapet konkluderte med at det ikkje var sannsynleg at denne hendinga ville frigjera helseskadeleg asbesttøv frå veggen. Les meir…

LUS

Det er oppdaga lus blandt elevar på skulen. Det er viktig å følgje tilrådingane til Helsedirektoratet vedrørande sjekk av lus. Les meir her.

Matpakkeveke i veke 8

Eit sunt kosthald er grunnleggjande for barnet si helse og velvære. Eit godt måltid midt på dagen hjelper barna å halde konsentrasjon og humør oppe gjennom skuledagen.

Norske helsemyndigheiter tilrår grove kornprodukt og sunt pålegg som basis for matpakken, frisk frukt, grønsaker og/eller lettyoghurt som tilbehøyr.

I Matpakkeveke vil vi ha fokus på sunt kosthald. Det finnes mange ulike måtar å lage ein sunn og spanande matpakke på. Det trenger heller ikkje å ta lang tid å lage matpakke. For tips sjå brosjyra som er sendt heim med elevane her.

matpakke 2

matpakke

Køyremønster

Minner om køyremønsteret kring skulen. Ved å følgje oppsett køyremønster varetek vi elevane sin tryggleik når dei kjem til og frå skulen, samt omsynet til god flyt i trafikken kring skulen.

Hovudpunkta er:

  • Skal du sleppe av elevar, stopp i den gamle busslomma, køyr så vidare gjennom parkeringsplassen og ut i Skiftedalsvegen.
  • Skal du følgje og/eller hente barn må du parkere bilen på parkeringsplassen.
  • Ikkje snu i innkøyringa til skulen.
  • Ikkje parker i utkøyringa til parkeringsplassen.
  • Ikkje sleppe barna av i vegbana.
  • Ver merksam ved fotgjengarfeltet.
  • Informer andre som skal hente barnet ditt, slik at veit om køyremønsteret.

Les meir om køyremønster her.

Innkalling til temakveld for foresatte

Torsdag 10.mars, kl 19.00- 20.30, i Kultursalen, Fjell rådhus.

Guttorm Helgøy frå rettleiarteamet i Fjell kommune og Trygg i Fjell, vil snakke om Mobbing, både utestenging, den fysiske, verbale, og den digitale mobbinga, med utgangspunkt i Zeroprogrammet og satsinga som er gjort i kommunen vår gjennom prosjektet Trygg i Fjell.

FAU og skulen står saman om dette foreldrekurset. Vi jobbar for nulltoleranse for mobbing, og dette krev innsats frå alle som står rundt barna. Saman må vi «Kunne – Ville – Våge – Stoppe Mobbing». Denne kvelden får vi saman eit innblikk i korleis vi kan gjere dette. Vi har forventningar om at alle elevar er representert. Set av tida, slik at vi, som føresette og skule, får kunnskap om .tema, og er budde på korleis vi skal møte og handtere problematikken.

Innkalling til foreldremøte mars 2016.