Lusekampanje

Reiseverksemd og nye omgangsvener i sommerferien aukar risikoen for lusesmitte. Difor oppfordrar Folkehelseinstituttet til kampanje i veke 35. For å sikre ein lusefri haust, kan det vere nyttig å sjå innom Folkehelseinstituttet sine sider. 

Leksehjelp.

  • For 3. og 4.trinn.
  • Startar i veke 36, altså 31. august.
  • Elevar som ønskjer å vere med på leksehjelpordning, må gjere dette med skriftleg melding til skulen. Bruk påmeldingsslipp på skjema (sjå lenke).
  • For meir info og påmeldingsslipp Leksehjelp_2015-16

Foreldremøte og klassekontaktkurs.

Foreldremøte med fellesinformasjon ved leiinga i gymsalen, med påfølgjande foreldremøte med kontaktlærar i klasseromma:

  • 1. tom 4. klasse tysdag 01.09.15 kl. 18.00
  • 5. tom 7. klasse onsdag 02.09.15 kl. 18.00

Det er forventa at alle elevane er representert med ein føresett på møtet.

Kurs for klassekontaktar på rom nr. 14 (raudt bygg) tysdag 8. september 2015 kl. 18.00.

Er du spent på skulestart?

Foreldra er ofte like spente som barna før den første skuledagen. Som forelder er du viktigare enn du ofte trur i barna sin skolekvardag. At foreldre engasjerer seg i det som skjer på skulen betyr ein forskjell for barnet sin trivsel og læring.

Sjå innom FUG si nettside. Der finn du nyttige tips og verktøy i høve skulestart.

VELKOMNE TIL NYTT SKULEÅR!

Teikning av skule

Open dag

På Open dag, med temaet «Alle får bli med», ble arrangert på ettermiddag tysdag 16. juni. I tillegg til vandreteater og utstillingar av elevarbeid hadde me innsamling til Adina stiftinga http://www.adina.no/.

Kvelden blei avslutta med at alle elevane deltok i BlimE-dansen.

Elevane selde kort og det var bøsser i klasseromma. Det kom inn kr. 7160,-. «En hjelpende hånd» ved Alexandra Lillebø selde varer produsert av barn i Romania og Uganda. Ho fekk inn kr. 1770,-.

2. juni arrangerte SFO foreldre kafé. Det kom inn totalt kr. 7300,- til stiftinga.

 

 

 

Sommarbrev og ein ekstra takk frå Adina:
Sommebrev 2015
Vedlegg til sommerbrev 2015 – Foldnes skole