Leselystaksjonen 2016: «Vi les saman».

I perioden frå 27.september til 7.oktober er det leselystaksjon på skulen. Denne perioden vil difor vere særleg prega av lesing. Målet med aksjonen er at elevene skal få oppleve gleda ved å lese, og dermed bli motivert til å lese meir! Vi veit at lesing er ein viktig ferdigheit i alle fag; og for å bli ein betre lesar må ein lese meir!

Det vil bli arrangert ulike aktiviteter knytt til lesing desse vekene. Noko vil skje i den enkelte klasse, medan noko skjer på tvers av klassetrinn, samt at nokon aktivitetar er felles for alle elevane på skulen. Det vil bli ei felles opning for leseaksjonen på skuleplassen tysdag 27.september kl.11.00.

I denne perioden vil vi oppmode føresette til å eit særskild blikk på lesing. Vis interesse for leseaksjonen og for dei bøkene ditt barn les.

Informasjonsbrev til føresette om leselystaksjonen.

leseaksjon

Informasjon om skulemjølken

Skulemjølken har dessverre vore varm og ikkje drikkeleg dei siste dagane.

Tine har mjølkeskåp på skulen som mjølka vert oppbevart i, og skåpet har ikkje fungert optimalt dei siste dagane. I dag kjem Tine for å sjå på skåpet.

Skulen har fått informasjon om at føresette vil få refundert utgifter til mjølk dei dagane det gjeld.

melk

Køyremønster

Vi ber føresette eller andre som bringer/hentar elevar til/frå skulen vere venleg å følgje skulen sitt anbefalte køyremønster i samband med bringing og henting. Dette for å skape ein trygg situasjon for alle elevane på skulen!

  • Foreldre som berre skal sleppe av elevar, stoppar i den gamle busslomma, køyrer så vidare gjennom parkeringsplassen og ut i Skiftedalsvegen.
  • Foreldre som følgjer og/eller hentar barn, skal parkere bilen på parkeringsplassen.  

Ingen må snu i innkøyringa til skulen.
Ingen må sleppe barna av i vegbana.

Sjå her for meir informasjon om anbefalt køyremønster.

«Alle barn sykler»

I regi av arrangørane for Sykkel-VM 2017 er Foldnes skule ein av fire skular i Fjell kommune som er heldige å få ta del i sykkelopplæringa som vert gjennomført for 5. klassar på skular i og kring Bergen.
14256321_10210274267843679_98181948_nStor entusiasme og innsats bland elevane i skulegarden under dei praktiske øvingane!

"Sykkel-VM i Bergen og bergensregionen vil være det største arrangementet som har funnet sted på Vestlandet til dags dato. 
Arrangementet vil samle Hordaland i et felles løft for idrett, frivillighet og folkehelse.                                                                                         Sammen med NCF, NIF og andre samarbeidspartnere skal sykkel-VM stimulere og inspirere flere mennesker til å velge mer aktive liv, slik at de langsiktige effektene av arrangementet gir positive effekter på mange områder.

Sykkel-VM skal bl.a. bidra til:
- Styrke bruk av sykkel som fremkomstmiddel
- Gi et generelt løft i folkehelsen gjennom å få flere til og sykle, samt dokumentere alle de positive gevinstene ved å sykle
- Gi barn og unge bedre sykkelopplæring, og økt sykkelglede

Tiltak rettet mot barn og unge gjennom skoler og idrettslag blir et viktig satsningsområde i et løp frem mot, 
under og etter sykkel VM i 2017."

Alle barn syklerInformasjonsskriv til føresette Alle Barn Sykler 2016 – informasjon til foresatte Fjell.

Informasjon ved oppstart 2016-17.

Velkomen til foreldremøte :
– Tysdag 30. august kl. 18.00 for 1. tom 4. trinn
– Onsdag 31. august kl. 18.00 for 5. tom 7. trinn
Oppmøte i gymsalen med påfølgjande klassetrinnsmøte. Innhaldet på fellesmøta vil i grove trekk vere det same begge dagane, om du har barn på både små- og mellomtrinn, kan du vel å  møte på det eine fellesmøtet, og komme direkte til klasserommet kl. 18.50 for klassetrinnsmøte.
Vi forventar at minimum ein føresett deltek på møta.

Kurs for nye klassekontaktar:
– Tysdag. 6. september kl. 18.00 – til 19.00 i raudt bygg.

Foreldremøte/informasjonsmøte SFO skoleåret 2016/2017

Det blir informasjonsmøte for nye SFO-foreldre mandag 29.08.16 klokken 18.00 på 1a sitt klasserom.

Dette er først og fremst et informasjonsmøte for nye SFO-foresatte. Vi informerer litt om innhold og dagsrytmen vår, samt de ulike plasstypene.

Kopi av PowerPoint og innhold i møte, blir sendt ut til alle foresatte i etterkant av møtet.

Mvh

Ann Elin Street

Daglig leder SFO Foldnes Skule

 

Skulebuss – skuleåret 2016-2017

Informasjon om skulebuss 2016-2017

Skulestart kl 08:35 Alle dager

445 Våge kl. 08:13 – Anglevik kl. 08:18 – Foldnes skule kl. 08:28              (Rutebuss)

Skuleslutt kl. 12:00 kun tirsdag

449 Foldnes sk(hovedveg) kl 12:08 – Anglevik (skulebuss frå Fjell ungs.) (Skulerute)

449 Foldnes sk (hovedveg) kl 12:08 – Våge (skulebuss frå Fjell ungs.)      (Skulerute)

Skuleslutt kl. 13:00 tirsdag og fredag

449 Foldnes sk kl. 13:20- Anglevik snuplass – Våge                                   (Skulerute)

Skuleslutt kl 13:15 man, ons og tors

449 Foldnes sk kl. 13:20 – Anglevik snuplass – Våge                                 (Skulerute)

Skuleslutt kl. 13:45 fre

449 Foldnes sk. Kl 14:10 – Anglevik snuplass – Våge                                (Skulerute)

445 Foldnes sk (hovedveg) kl. 14:00 – Anglevik snuplass                          (Skulerute)

Skuleslutt kl. 14:00 man, ons og tors

449 Foldnes sk kl. 14:10 – Anglevik snuplass – Våge                                 (Skulerute)