Nærmiljøprosjekt

Prosjektet har fokuset Kva fremmar og hemmar trivsel i nærmiljøet?
I denne delen av prosjektet er fokus på skuleveg, og 5. til 7. trinn er invitert til å delta. Elevar som deltek er med å kartlegge skulevegen sin i perioden fram til juleferien. Registreringa vil kome til nytte i arbeidet med kommunedelplan for Nordre Litlesotra då ein kartlegg vegar i Foldnesområdet, med elevane sitt perspektiv. SU ser dette som eit positivt bidrag inn i arbeidet med å sikre trygg skuleveg for elevane ved Foldnes skule. Det er eit krav om at skulevegen vert gått minst ein gong i perioden. For å sikre at alle får gjort dette, blir det organisert i skuletida. 
I registreringsperioden vert appen Trafikkagenten nytta, der elevane er agentar som rapporterar på positive og negative ting langs sin skuleveg. På www.trafikkagenten.no kan ein lese meir om verktøyet. Tysdag i neste veke får elevane innføring i registrering og bruk av appen. For dei som ikkje har smartmobil, har kommunen mobilar til utlån.

Elevane får med eit samtykkeskjema heim i skulesekken. Vi ber om å få returnert svarslipp innan førstkomande fredag.

Samtykkeskjema.

Comments are closed.