Mjuk tilnærming til skulestart

Måndag kveld var det sosialt samvær og kveldsmat i SFO for førskulebarn med foreldre ved Foldnes skule, saman med skulen si leiing, leselærar og miljøterapeut.

Initiativet kom frå SFO-leiar og leselærar som hadde latt seg inspirere av ein SFO i Rogaland. Gjennom vårhalvåret er dei i tett samarbeid med dei ulike barnehagane som soknar til Foldnes skule for å førebu ein mjuk overgang. Nytt av året er sosialt treff med kveldsmat.

Når SFO-leiar ønskjer alle velkommen legg ho vekt på at føremålet med samlinga er å legge til rette for at både foreldre og elevar får kontakt med kvarandre på tvers av barnehagar og buområde. På førehand har alle førskulegruppene i barnehagane som soknar til skulen vore innom på besøk, fått omvising i lokala til SFO og klasserom, samt vore og helst på rektor og avdelingsleiar.

Å møtast til felles samhandling, samt å dele eit måltid, falt i smak både hos store og små. Tilbakemeldingane i løpet av samlinga var mange og positive. Nytt bekjentskap blei stifta, noko SFO-leiar la opp til då ho ho ved starten av samlinga fortalde dei spente skulestaratarane at dei allereie denne kvelden skulle få ei lekse; Å snakke med nokon dei ikkje hadde snakka med før. Det same gjalt for dei vaksne. Leksa blei tatt på alvor og nye relasjonar blei etablert.

Leselærar avslutta samlinga med å takke alle for godt samvær og rose dei for fullført lekse. No gler vi oss til å sjå alle saman igjen på førskuledagen 5. juni!

Tekst og foto: Ragnhild Knudsen Magerøy, rektor ved Foldnes skule

Comments are closed.