Miljøterapaut

Foldnes skule er ein del av eit prosjekt som har fokus på miljøterapi i skulen. Prosjektet er ein del av satsinga på læringsmiljø i skulane, der kommunen blandt anna har satsa mykje på klasseleiing og tiltak mot mobbing gjennom prosjektet Trygg i Fjell.

Hovudoppgåva til miljøterapautane er:
Følgje opp enkeltelevar og grupper der ein er bekymra for den sosiale utviklinga.
Samarbeide med og gje rettleiing til lærarar og føresette. Samarbeide med andre instansar i arbeidet med enkeltelevar og risikogrupper.
Delta i nettverk og samarbeid på kommunalt nivå og bidra til utvikling av læringsmiljøet i kommunen.
Har eit særlig ansvar for friminutt og andre situasjonar utanfor undervisning på skulen, til dømes SFO.

Miljøterapeutane har fokus å ha ei  førebyggande rolle ved å legge til rette omgjevnadane for motivasjon, kommunikasjon, dialog og samarbeid.

Eksempel på arbeidsoppgåver er:
Tilrettelegging og individuell oppfølging og tryggleik for elevane
Vere til stades der elevane er, observere og møte behova dei har når dei oppstår.
Samarbeide med føresetet og personale i skulen.
Støtte – og oppfølgingssamtalar med elevar.
Bidra inn mot utfordringar kring eleven sitt psykososiale miljø.
Arrangere og drifte samtalegrupper på skulane.

Vår miljøterapeut heiter Eirin Gripsgård. Ho kan kontaktast på
telefon 55 09 69 50, eller på mail: eirin.gripsgard@fjell.kommune.no