Kjære foreldre/foresatte

Vi på Foldnes skule vil takke alle foreldre/føresette for det gode samarbeidet, og den gode innsatsen de har lagt inn, i dette som for oss alle har vore ein annsleis skulekvardag. Vi ser den jobben de gjer for å følgje opp undervisninga, og vi er både imponert og takksame. Fjernundervisninga hadde ikkje fungert utan den innsatsen de gjer! Vi er og veldig imponert over elevane, og den måten dei har takla fjernundervisninga på. Innsatsen, pågangsmotet og humøret til elevane har vore til inspirasjon og motivasjon for oss i skule desse tre vekene. Ein stor virituell påskeklem sendast med dette til alle våre elevar. Fint om de kan formidle den vidare til eige/eigne barn.
Per i dag veit vi ikkje om det blir undervisning som fjernundervisning, eller undervisning på skulen etter påske. Dette skal sentral myndigheit avgjere i midten av komande veka. Skule skal gje eit tilbod om tilsyn i påska om barn av nøkkelpersonell har trong for det. Meir informasjon om dette ligg på Øygarden kommune si heimeside. Skulle de ha trong for dette tilbodet – ta kontakt med rektor.
Vi ønskjer alle ei God Påske, og håper den vert bra på trass av smittevernshensyn og ein annleis kvardag.

Mvh Ragnhild Knudsen Magerøy

Comments are closed.