Invitasjon til klassekontaktar og FAU representantar

TRYGG I FJELL har i fleire år arrangert samling for FAU saman med Kommunalt Foreldreutval (KFU). Denne hausten vil vi forsøke å samle foreldrerepresentantar frå både barnehage og skule til ei felles samling.

Mandag 13. november kl 18.00 – 20.00 for Fjell ungdomsskule, alle barneskular som soknar til Fjell ungdomsskule og barnehagar på Litle Sotra og Bjorøy

Innhald:
– Presentasjon av TRYGG I FJELL med fokus på foreldrerolla.
– Gruppedrøfting av foreldrerolla i høve mobbing og krenking av barn.

Samlinga blir i regi av kompetansegruppa og beredskapsteamet i TRYGG I FJELL. 

Comments are closed.