God sommar!

Vi legg bak oss eit skuleår som har vore annleis i og med at vi har hatt elevar fordelt på to skular. Det har vore lærerikt og kjekt og vi har blitt godt ivaretatt på Brattholmen skule. Sjølv om det har gått bra, har vore krevjande å være delt på to skular, og vi gler oss til igjen å vere samla på Foldnes skule ved skulestart. Ikkje minst gler vi oss til å inta renoverte lokale i raudt og gønt bygg.

I raudt bygg skal SFO halde hus saman med 1. , 2. og 3. trinn. I tillegg er alle spesialromma der. Ny organisering av romfordeling gjev oss høve til å tenke nytt i SFO, som no får lettare tilgang til spesialromma etter undervisning. Blått bygg skal huse 5., 6. og 7. trinn. I grønt bygg skal 4. trinn ha klasserom. Grønt bygg skal i tillegg huse administrasjon, personalrom, kontorarbeidsplassar for pedagogisk personale, samt kontor for helsesøster, miljøterapeut og SFO-leiar.

No når skulen er stengt vert det høg aktivitet når det gjeld renovering. Mesteparten vil stå klart ved skulestart. Vi må vente litt på gymsalen, men det greier vi godt, så lenge klasseromma er klar! Gymsalen vert klar i september.

Vi ønskjer elevar og føresette ein riktig god sommar! Nyt den og ver rause med gode opplevingar saman. Vi er så frampå at vi vågar oss på ei lekseplan til dykk føresette i ferievekene, – den er særlig bra om ein ikkje heilt veit kva enin skal fylle dagene med: Vekeplan for foreldre veke 24 tom 32 

Sommarhelsing frå lærara, fagarbeidarar, assistentar, lærlingar, lesehund, administrasjon og leiing ved Foldnes skule.

Comments are closed.