Foldneselevar les Norge på langs

Tysdag 24.oktober var igjen elevene ved Foldnes skule samla på skuleplassen for opning av den årlege Leselystaksjon. Vi starta med å synge skulen sin eigen lesesong, deretter kom elevrådet ut på skuleplassen ikledd skulen sin leseorm.

Rektor Ragnhild snakka om kor viktig det er å kunne lese, at det gjev gode opplevingar, både saman med andre når ein vert lest for, og når ein les sjølv. Hø ønska alle ei kjekk og innhaldsrik reise frå Lindesnes til Nordkapp, ei reise med mange gode leseopplevingar. Deretter klipte leseormen snora og leselystaksjonen blei erklært opna.

Vi leser frå Lindesnes til Nordkapp

Tema leselystaksjonen dette skuleåret er: «Vi leser frå Lindesnes til Nordkapp». Elvane samlar leste minutt i kvar klassen og får «reise» til nye reisemål på Norgeskartet når ulike lesemål er nådd. Destinasjonane er lagt inn på eit digitalt norgeskart, og når klassen har kome til ein ny stad, får elevane tilgang til informasjon om staden.

Ulike aktivitetar

I vekene med leselystaksjon vert de arrangert ulike aktivitetar knytt til lesing. Noko vil skje i den enkelte klasse, eller på tvers av klassetrinn, medan andre aktivitetar er felles for alle elevane på skulen.

Målet med aksjonen er at elevane skal få oppleve gleda ved å lese, og dermed bli motivert til å lese meir! Lesing er en viktig dugleik i alle fag; og vi veit at skal ein verte ein betre lesar må ein lese meir!

Leselystaksjonen varar fram til 3.november, og skuledagane vil i denne perioden difor vere særleg prega av lesing i alle fag.

Tekst: Toril Herdlevær Kvalheim
Bilde: Silje Rosenvinge Evensen

Comments are closed.