Foldneselevar deltok i kretsmeisterskap

Laurdag 23.03.2019 deltok elevar frå Foldnes skule i kretsmeisterskap i sjakk for skulelag. Meisterskapet gjekk føre seg på Liljevatnet skule. Fire lag frå 3. tom 7. klasse deltok frå Foldnes skule. Det eine laget var samansett av elevar frå både Brattholmen og Foldnes skule. Dei representerte det gode samarbeidet vi har med Brattholmen skule dette skuleåret. Laget endte opp som nr. 3 etter Damsgård skule som blei nr. 2 og Haukås skule som blei nr. 1.

Det blei ein kjekk dag for der 18 lag deltok med til saman 80 elevar. Det var fleire debutantar på laga, og alle viste stort engasjement og gjorde ein flott innsats. God meistring og læring!

Comments are closed.