FN-markering og innviing av gymsalen

På ein slik dag setter vi fokus på arbeidet som FN gjer rundt omkring i verda, spesielt med fokus på kva dei gjer for at barn skal få gå på skule, vere trygge og ha tilgang på mat og drikke. Det at barn skal vere trygg er ein viktig del av barnekonvensjonen. I skulesamanheng er elevane sin rett til å ha det trygt psykososialt vesentleg. Rektor legg vekt på at vi må ta vare på kvarandre, vere flink å invitere med i leik, og om vi ser at nokon ikkje har det bra må vi sei frå, slik at dei vaksne kan få hjelpe til med å ordne opp. Å bli smitta av «allergien» mot mobbing er noko rektor ønskjer for alle i skulesamfunnet. Vi skal ikkje tåle at nokon ikkje har det bra! På samlinga for 1. til og med 4. trinn hadde 3a ordna program med fakta om FN og song med tema om venskap.
6b hadde programmet på samlinga for 5. til og med 7. trinn. Fakta om FN sto sentralt, dei leste opp ønskedikt som dei hadde laga og inviterte alle med på Blimed-dansen, der refrenget på Blimed-sangen har fokus på at du er meir enn god nok slik du er. I tillegg hadde dei markering med opning av renovert gymsal. Vi er alle eining om at det er kjekt å ha gymsalen tilgjengeleg igjen, og som programleiarane frå 6b så vist sa: «Vi gler oss til mange svitte timar i dette rommet».

Comments are closed.