Fjernundervisning frå måndag 16.03.2020

Elevane har rett på å få undervisning.

Vi har meldt om at alle barn skal ha med seg CromeBook/Surface/Ipad og ladar heim, samt relevante bøker. Klasseromma og garderobene er tilgjengeleg måndag for henting av utstyr for dei som manglar noko av utstyret.

Mål for fjernundervisning:

  • Gje elevane undervisning i basisfaga (norsk, engelsk og matematikk).
  • La elevar få ein struktur på dagane i karantene.

Slik gjer vi det:

  • Kontaktlærarane vil ha dagleg dialog med elevane.
  • Kontaktlærarane informerar om korleis dette vert gjort.
  • Frå klokka 09.00-12.00 jobbar eleven etter dags-/vekeplan med oppgåver lærar har lagt ut der elevane vanlegvis jobbar digitalt.

Vi ønskjer frå dykk føresette:

  • Sørgje for at elevane er klare til avtalt tid.
  • Sørgje for at CB/Surface/ipad ikkje blir utlada.
  • Sørgje for at elevane får gjort oppgåvene som blir lagt ut.
  • Sørgje for at CB/Surface/ipad berre vert nytta til læringsarbeid.
  • Gje kontaktlærar beskjed dersom barnet er sjuk, og ikkje får jobba med oppgåvene (før fråvær i Transponder).
  • Lærar er på jobb og tek i mot spørsmål, i Transponder eller e-post.
  • Ikkje nøl med å ta kontakt om det er noko de lurer på.

Minner om at Folkehelseinstituttet si oppmoding om at barn i minst mogeleg grad skal dere saman. Målsetjinga med stengt skular og barnehagar er å redusere antal kontaktar med andre barn til eit så lågt nivå som mogleg. Det vert oppmoda til ikkje å samlast til leiketreff eller fellesaktivitetar.

Skulebygga opne i dag. Frå og med i morgon er dei stengt.

Vi på Foldnes skule håpar at dei flotte elevane våre snart fyller bygga våre igjen!

Helsing Ragnhild Knudsen Magerøy, rektor Foldnes skule

Comments are closed.