Aktivitetsveke

Denne veka er det aktivitetsveke for heile skulen. Det er ulike aktivitetar, men felles for alle klassar er kanopadling, stjerneorientering og aktivitetsdag.

Kanopadling er på vatnet ved kirka. Alle klassane har stjerneorientering torsdag og aktivitetsdag fredag. Gjennom veka vert det lagt vekt på samarbeid og samhald på tvers av trinn og klassar, difor vert det aldersblanda grupper på dei ulike aktivitetane.

Kvart trinn legg i tillegg opp til aktivitetar som har fokus på fysisk aktiv læring og sunt kosthold.

Vi ser fram til ei veke med aktiv læring på anna arena enn den vi normalt nyttar.

Comments are closed.