80 elevar på Foldnes skule får undervisning på Brattholmen neste skuleår

Det er hovudbygget på Foldnes skule som skal renoverast.

Som ein følgje av sanering av asbest, vil 6. og 7. årstrinn på Foldnes skule frå hausten av få undervisninga på Brattholmen skule.

Den mellombelse overflyttinga av om lag 80 elevar (fire klassar) er ein konsekvens av budsjettvedtaket i kommunestyret i desember om å fjerna asbest på Foldnes skule.

– Ei mellombels ordning med skyss og alternativt undervisningslokale vil gje oss utfordringar, men dette skal vi få til. Leiinga på Foldnes og Brattholmen skular samarbeider tett for at også neste skuleår skal verta eit godt, trygt og lærerikt år, både for store og små, seier rektor på Foldnes skule, Ragnhild K. Magerøy. Ho har erfaring med byggjearbeid i skuleområdet. For eitt år sidan måtte administrasjonen og delar av undervisningslokala nytta alternative lokale i fleire månader på grunn av renovering.

Lærer av kvarandre

På Brattholmen skule er rektor Anja Solli klar for å ta imot elevane frå Foldnes.

– Det er kapasitet til å ta imot fleire elevar på Brattholmen. Vi får høve til å læra av kvarandre, og fagleg sett vert dette ein vinn vinn-situasjon. Leiinga på Brattholmen skule ser fram til samarbeidet med elevar og lærarar på Foldnes skule, og eg er sikker på at vi saman skal skapa eit godt læringsmiljø til beste for elevane, seier Solli.

1. Rektorane på Brattholmen og Foldnes, Anja Solli og Ragnhild K. Magerøy, samarbeider tett for å sikra eit godt læringsmiljø for elevane når nokre av Foldnes-elevane skal gå på Brattholmen neste skuleår.

På Foldnes skule er det hovudbygget som må renoverast og sanerast for asbest. I dette bygget er det gymnastikksal, administrasjon, grupperom og undervisning for 6. og 7. årstrinn. Det er venta at arbeidet med renoveringa kan ta inntil eitt år og at det startar opp til sommaren etter at dette skuleåret er avslutta.

Konsekvensen av renoveringa er altså at ein del av elevane på Foldnes skule må nytta alternativ undervisningslokale for skuleåret 2018/2019. På Brattholmen skule arbeider leiinga no med å leggja til retta for å ta imot dei om lag 80 elevane i 6. og 7. årstrinn frå hausten av.
Elevane får skyss med buss til og frå skulen, og det vert lagt til rette for at dette skal skje på ein smidig og god måte for elevane.

Asbest i bygningsmaterialet på Foldnes skule har avgrensa ein effektiv og god bruk av bygget.

– Vi ser fram til nye og tenlege lokale når ombygginga er ferdig, seier Magerøy.

Bilete

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland og Vigleik Brekke

Comments are closed.