Vidare fjernundervisning og opning av skule/SFO for 1. til 4. trinn frå 27. april

Regjeringa avgjorde den 7. april at skulane skal opne for 1. til 4. trinn den 27. april. Dette gjeld både undervisning og SFO. Det er ikkje avklart kva tid 5. til 7. trinn skal koma tilbake til vanleg undervisning.

Det er avgjerande for Øygarden kommune at alle foreldre, tilsette og elevar skal kjenna seg trygge når dei kjem attende til skulen. Det er difor ein føresetnad at vi har på plass gode smitteverntiltak før vi opnar skulen. Regjeringa sender ut ein rettleiar i høve smittvern i skule 20. april.

Tysdag 14. april held vi fram med fjernundervisning på same måte som tidlegare. Informasjon om fjernundervisning finn kvar einskild på Transponder.

Minner om at skule også over påske har ei tilsynsordning for elevar der begge føresette har yrke som blir definert som samfunnskritisk, samt for elevar med særlege behov. Behov for tilsyn skal rettast til rektor.

De finn til ei kvar tid oppdatert informasjon på Øygarden kommune si heimeside.

Comments are closed.