Velkommen til Foldnes skule

Foldnes skule ligg på Litle Sotra i Fjell kommune, om lag 15 minutt frå Bergen sentrum. Skulekrinsen dekkjer Foldnes, Våge og Anglevik. Skulen er ein fulldelt barneskule med om lag 300 elevar fordelt på 14. klassar. Rektor er Ragnhild Knudsen Magerøy. Les meir…


80 elevar på Foldnes skule får undervisning på Brattholmen neste skuleår

Det er hovudbygget på Foldnes skule som skal renoverast.

Som ein følgje av sanering av asbest, vil 6. og 7. årstrinn på Foldnes skule frå hausten av få undervisninga på Brattholmen skule.

Den mellombelse overflyttinga av om lag 80 elevar (fire klassar) er ein konsekvens av budsjettvedtaket i kommunestyret i desember om å fjerna asbest på Foldnes skule. Les meir…

Informasjon om siste skuledag.

Siste skuledag før juleferien er onsdag 20.12.2017.
Vi avsluttar undervisninga kl. 11.30. Dei som har plass i SFO går direkte dit. Opningstida i SFO er som vanleg på ettermiddagen.
For elevar som skal ta buss er avgangane slik:
– Turbuss Vest (farlig skolevei) kl. 11:40
– Rutebuss kl.11:45
– Sotra Sportklubb kl. 11.40

Nærmiljøprosjekt

Prosjektet har fokuset Kva fremmar og hemmar trivsel i nærmiljøet?
I denne delen av prosjektet er fokus på skuleveg, og 5. til 7. trinn er invitert til å delta. Elevar som deltek er med å kartlegge skulevegen sin i perioden fram til juleferien. Registreringa vil kome til nytte i arbeidet med kommunedelplan for Nordre Litlesotra då ein kartlegg vegar i Foldnesområdet, med elevane sitt perspektiv. SU ser dette som eit positivt bidrag inn i arbeidet med å sikre trygg skuleveg for elevane ved Foldnes skule. Det er eit krav om at skulevegen vert gått minst ein gong i perioden. For å sikre at alle får gjort dette, blir det organisert i skuletida. 
I registreringsperioden vert appen Trafikkagenten nytta, der elevane er agentar som rapporterar på positive og negative ting langs sin skuleveg. På www.trafikkagenten.no kan ein lese meir om verktøyet. Tysdag i neste veke får elevane innføring i registrering og bruk av appen. For dei som ikkje har smartmobil, har kommunen mobilar til utlån.

Elevane får med eit samtykkeskjema heim i skulesekken. Vi ber om å få returnert svarslipp innan førstkomande fredag.

Samtykkeskjema.

Julefestar 2017

Tradisjonen tru vert det påfyll av julestemning i regi av klassane i advent:

11. desember:
1 a, 3 a og 5 a
12. desember: 3b, 4b og 6b
13. desember: 2a, 4a, 5b og 7b
14. desember: 1b, 2b, 6a og 7a

Elevane kan ha med seg 2 personar kvar.
Vi startar i gymsalen kl. 18.00, og går deretter til klasseromma.
Velkommen!